fredag 13. april 2012

Ekskursjon til Brudavollen

Hei alle saman :)


I morga (tysdag) skal me ein tur opp på Brudavollen. Her skal me møte Norvald Øie, som har laga til eit opplegg for oss. Han skal snakke litt om vasskraft som energikjelde og til slutt kome inn på det me har jobba med desse siste gongane, altså vasshjul.

Etter me har vore på Brudavollen går me tilbake til skulen og fortsette undervisninga der. Sidan dette er slutten på kapittelet skal de ikkje denne gongen bli testa individuelt, men i gruppe. Eg skal lage til ein naturfagquiz. Spørsmål frå s. 104 - 135 (med fokus på dei omgrepa me har jobba med i timane)


Det blir dessverre ikkje tid til friminutt denne økta sidan opplegget til Norvald byrjar kl. 13.00. Det betyr at me må gå samla ca. kl 12.45, men før den tid vil eg gjerne snakke 5 - 10 min med dykk inne på klasserommet.

 

Eg ser fram til dagen i morgon og gler meg til å sjå positive andlet!



- Susanne  :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar